Mangt eg minnes 3

Dette er den tredje boka mi med minne frå Osterfjorden utanfor Bergen, der eg vaks opp i ei lita bygd som heitte Leiknestangen.

Her fortel eg om mor mi, om slektningar og om menneske eg møtte i oppveksten. Kommunikasjonenane endra seg mykje under oppveksten, så det fortel eg om. Eg skriv om folkeskulenog realskulen, og om fenomen som julebukk, potetferie, vetlahuset, skogplanting, posthus og rikstelefon.

I denne boka er det og med litt lokalhistorie om bygda, og om attåtnæringar etter krigen.


Litt meir frå boka


Her er nokre smakebitar frå innhaldet i boka:

  Postkontoret s. 116


Postsparebanken vart opna i 1950, og utover 1950talet kunne du få utført banktenester i posten. Postsparebankboka var det mange som hadde. Kven hugsar ikkje henne? Der sette du inn

pengar, og tok ut pengar. Med sirleg innlimte merke for innskot, og stempel både for innskot og uttak . Når du tok ut pengar, vart det og merka av i boka. Kvart år fekk du ført på renter etter årsskiftet. I den gamle boka mi, som eg hadde til nittitalet, står det ein renter på 79 kroner. Tru om eg får dei ut i dag?

Det var stas å ha postsparebankbok, og så lettvint både å setje inn og ta ut pengar! Vi følte på framgangen

Frå livberging, småindustri og meir pengehushald : s.112


Bestefar min hadde sagbruk, der folk kom og fekk saga tømmer til heimebruk. Han bygde både kafé

og bakeri i Pittersburg, husværet bestefar hadde bygd og som elles hadde fire leilegheiter som han leigde for nokre kroner. ut til folk frå Bergen



Far dreiv som entreprenør, og bora etter vatn , skaut ut husagrunnar og laga vegar. alt dette var det bruk for, i ei tid då økonomien vart betre, og folk la inn vatn i husa, bygde nytt og vegane vart fleire og betre. Nye stader vart knytt saman med vegar, og fjorden var ikkje lenger så viktig for samferdsla. Me fekk bensinstasjon, som me hadde eit tiår, og selde bensin, olje og rekvisita. Det var sikkert fleire som spedde på inntekta si med handarbeid og småindustri. Kvinner strikka og selde til Husfliden og andre garnforretningar i Bergen. Så kom olja, lønningane auka, og andre land kunne produsere billigare. Det står mange tomme hus att, der det før var arbeid og liv. Den nye tida tok over.


INDL- vegen til bygdene i Osterfjorden på 50-talet s. 9 

 

Ved Bryggen i Bergen låg Indre Nordhordland Dampbåtlag sine båtar.

Tvers over byfjorden låg Bergen Nordhordland sine båtar.

INDL hadde tre i talet: Oster, som gjekk på kol, og Hosanger 1 og Bruvik brukte damp. Men det var sjeldan dei låg til kai i Bergen samstundes. Desse tre båtane skapte forbindelse innover Osterfjorden, og dei kom kvar morgon med ferdafolk, varer, post, dyr , mjølk og kva elles som skulle til bydn, og returnerte om ettermiddagen med tomme mjølkespann og få dyr, men elles mykje av same lasta.

Varene var heist ned i lasterommet, dyra plassert framme under dekk, posten var på plass i postlugaren, der postfunksjonæren hadde sekkar med post, aviser og pakker til heile fjorden