Foredrag om 50-talet

Nytt: 


Eg held no  foredrag om 50-talet, der eg fortel om  oppveksten min i Osterfjorden, om tida, opplevingar, fenomen, og menneske eg møtte.

Innhaldet i det eg fortel om: 

Ei  avsidesliggjande grend i Ytre Osterfjorden som vart meir og meir opna mot omverda  utover 50- og 60-talet.

 Me hadde 4 delt skule, men eg tok også realskule og gymnas. 

Eg skriv om  meieriet og  posten , butikken på kaia, ullvarefabrikken  fiskebilen , brødbilen, reise med dampbåt og ferje, menneske eg møtte, leik og arbeid, mat, klede,  høgtidsdagar og merkedagar,

Korleis ein konserverte maten  og  elektiske hjelpemiddel som  husmora etterkvart fekk. , Fenomen som bjødling og rabbing, radio og bygdekino,  ønskekonsert, filmstjerner og skeiseløp,

Litt om strilemålet, om inneleik og uteleik

,

 Eg tek og med litt lokalhistorie,  om småindustri, og om lokale stadnamn, 

Lyset var ofte borte, og då fungerte heller ikkje radioen. Eg tok mandlane i Bergen då eg var 6 år, Eeg las   Donald og  fekk yngre søsken.


Kort fortalt : om vår nære fortid, der dei eldre vil nikka gjenkjennande : Slik var det!

Dei yngre vil nok skjøne meir av den tidsreisa  som har funne stad frå 50-talet til i dag.



Andre tema: 

1. Skole og fritid

Her frå  første klasse der me var  i bedehuset. Skulen var 4-delt, og me gjekk på skulen annankvar dag.. Vi hadde mange fag, og eksamen i 7-. klasse.

Me hadde god tid til leik, og utforska utmark og innmark, leika inne og ute., bada og gjekk på ski.


2.

Reiser , kommunikasjon og massemedia

Dampen var riksveg 1, og gjekk  mellom Mo og Bergen morgon og kveld. Seinare vart vegnettet betre, og me reiste meir både i Nordhordland og med ferje Isdalstø-Steinestø når me skulle til Bergen.

Postgangen vart betre, og rikstelefonen fekk betre samband. 

NRK  fekk utvida sendetider, Bygdekinoen kom oftare og vekeblada  og avisene vart fleire


 3. Mat og klede Livssti


Dei fleste hadde strikkejakkar og gensarar av ull. Det var anorakkar, og heimespota vottar og luver. Mange jenter bruka skjørt, men bukser vart etterkvart meir vanleg.

Maten vart laga heime, og kjøt og fisk vart salta , røykt og hermetisert. Ein plukka bær og hausta frukt til syltetøy, saft og hermetisering. Det var suppe etter middagen, frukost, nonsmat og kvelds.  Ungane drakk mjølk, og dei vaksne kaffi, sjeldan te. 

Saft var til sundag og fest, og brus til dei store høgtider. 

Ungane skulle legge seg tidleg, og ikkje reka ute.,Dei skulle visa respekt for vaksne folk og heidre foreldre, og måtte hjelpe til heime.

Folk hadde betre tid til å besøke kvarandre, delta i forreiningar og ulike møteverksemd.  Dei hadde tid til å prata om dei møttes etter vegen. 

Røyking var vanleg blant vaksne menn, men ikkje blant kvinner 






 Eg kan tilpasse foredraga etter kva  som er aktuelt for tilhøyrarane. 

Du kan plukke frå lista over, eller frå stikkorda  til venstre. 

Foredraget  kostar 500- 1000 kroner, og om det er lang veg må eg ha reisepengar. 

Eg er ikkje flink å halde tida, men foredraget vil ta  3 kvarter eller ca ein time. 

 Eg vil bruke PP, litt bilete,  men eg kan og snakke fritt 

 Etterpå  tar vi den gode samtalen om gamle dagar, og eg sel bøkene mine, Mangt eg minnes. 

Mannen vert gjerne med, og Han  syng viser  som - Dar kjem dampen og - Gryta hennar mor.  og spelar gitar til.  Då kostar det 300 kroner ekstra. 

Dateline

Fleire tema: 

4. Menneske eg møtte

Her fortel eg om besteforeldre, onklar og tanter, naboar og  vener.  Eg måtte skriva litt om mor og far og stefar, og om stader eg ofte besøkte


 5. Yrke 

Det er ein del yrke me ikkje har lenger, men som var viktige for lokalsamfunnet

Meierske- tok imot mjølka, vog og sende med dampen

Telegrafistinne - tok seg av rikstelefonen

Postopnar-  henta post på dampen, leverte ut og sende post

brødbil, selde bakervarer på bygdene

Fiskebil - selde fisk på bygdene
Dampskipsekspeditør - tok imot dampen, sende og tok imot varer

Skomakar, - såla sko

Syerske- sydde og reparerte klede

 6. Høgtidsdagar.


Sundag var kviledag. Då arbeidde ein ikkje.

 Vi hadde religiøse festdagar og helger, som  jul, nyår, pinse , påske og Kristi himmelfartsdag.  Respekta for det religiøse var mykje større enn i dag

Så var det 17.mai, som etter krigen var ein riktig festdag

Jonsok var og ein merkedag, med bålbrenning  på haugane og i fjøra.  Ungane hadde med brus, og dei vaksne kaffi og noko å bita i.  Vi leika og song, og  prøvde å få bålet til å vara- lengre enn dei andre.



Mandag - Torsdag
15:00 - 17:00
Fredag
22:00 - 23:00
Lørdag - Søndag
Stengt