Mangt eg minnast 4

UTDRAG FRÅ  OM SKJOR OG TRAST OG GAUK :


Onkelen min stod høgt oppe i eit bjørketre, og dreiv og reiv i kvistane. Ei skjor flaksa rundt, slo med vengene. Han ville riva ned reiret, for det stod så nær husa, og han hadde skjora mistenkt for å forsyne seg med ting, fordi det gjekk ord om det. Som han reiv i kaoset, fekk han syn for segn: ei sølvteskei, nokre myntar og anna som blenkte, låg mellom kvistane. Han reiv ned heile kvistverket, og slengde det mot jorda, før han kom seg ned att. Skjora var kjent for å hemne seg, om ho miste reiret sitt

KJØP FRÅ 

ACCANTUS FORLAG 

MANGT EG MINNAST 4


FLEIRE MINNE FRÅ LEIKNESTANGEN I OSTERFJORDEN


EIN NORSKAMERKANAR KJEM HEIM:


"Han stod på dekket og såg Venus runde Kvarven, og gå sakte innover mot Skoltegrunnen. Byen var herja etter bombinga under krigen, men dette såg han ikkje. Han såg byen og dei sju fjell som omkransa han. Året var 1948, og Rasmus Lakness var på veg for å vitje sine heimtrakter. Som han sa: -Kvifor kjem laksen frå det ukjente havdjupet te elven der han vart utklekka, for å kasta rogn, og slå seg ihel på steinane?... Kvifor ville eg so reisa til Norge? Simpelthen fordi eg va født dar. Eg kan ikkje giva nåken bedre grunn.

I dag kan du flyge Bergen -Orlando på 12 t og 5 minutt med Norwegian. Rasmus reiste i tolv dagar for å nå Bergen. Han brukte tog gjennom USA, båt frå New York til Southampton, tog til Newcastle og båt til Bergen. På veg gjennom USA møtte han slekt og vener som bad han helse til Noreg, og sende med gåver til sine i gamlelandet. Han ringde si kjære Beatrice eit par gonger, og siste gongen kunne ho fortelje at dei hadde blitt besteforeldre til ei lita jente, Jeanette Dorothy. Så tok han båten til England."


IFRÅ DUGNAD OG HJELP :


Det var elles mykje bytings arbeid, slik at ein som kunne snekre arbeidde gratis for naboen, og så køyrde grannen  veden i byte. Det vart rekna som heilt legitimt, og det var aldri snakk om svart arbeid, men nabo- og venetenester som ein gjorde i eit lite samfunn der ein var avhengige av kvarandre for å få ting til å fungere. Difor meiner eg at noko av denne diskusjonen og  flisespikkeriet om vennetenester som svart arbeid er søkt. Det bryt opp og øydelegg gode sedar og skikkar frå gamalt, og skapar murar mellom folk som kunne ta eit tak for kvarandre.

Svart arbeid er noko heilt anna enn å hjelpe kvarandre og bytte tenester in naturalia så og seie