Mangt eg minnes

Utsnitt frå boka:

Fjorden som ferdsleveg

I dag tek det ikkje lang tid frå Leiknes og til Bergen. Mange arbeider der, går på skule, eller handlar mykje av varene sine der. I løpet av vel ein halv time er du framme. Breie vegar, bruer og tunellar bitt saman Nord-hordland, Bergen og øysamfunna ut med havet. Strekkjer som tok ein dag eller dagar, er no unnagjort på nokre timar.

 I min barndom var fjorden riksveg, og skulle du nokon stad, tok du båt, du rodde, bruka motorbåt eller tok dampen. Hamre kommune låg på begge sider av fjorden, og det same gjorde Hosanger.

 Kommunesenteret låg På Hamre og i Valestrand, og der budde lækjaren. Flatøy tilhøyrde den gongen Hamre.

 For oss nordom fjorden var det vanskeleg å nå kommuneadministrasjonen på sørsida, så dei hadde kontordagar på nordsida, fortrinnsvis på Eikanger. Lækjaren hadde kontordag både på Leiknes, Hjelmås og Eikanger, seinare berre dei to siste.

 Brua over Leiknesvågen kom i 1949, og fyrst då kunne det koma bilar til Leiknes, og folk frå bygda kunne reise til Hjelmås, Eikanger, Lindås og Seim eller Isdalstø med bil. Før den tid var bygda Dalebygdæ og Mundal/ Hopsdal, punkt slutt.

Og skulle du lure på kvifor du har noko av slekta di frå Osterøy, så er forklaringa enkel: Det var lettare å krysse fjorden enn å gå over fjellet, så mange fann seg ein kjærast frå Øynæ, anten dei fann ho/ han på dans eller kristne møte.

 Skulle du til Bergen, tok du oftast dampen. Han starta i frå Mo grytidleg om morgonen, og kryssa fram og tilbake over Osterfjorden, tok på og sette av passasjerar og gods, og tok med post og krøtter som skulle på slaktehuset. Båten fløyta ute på fjorden, og når han kom til kai, slengte matrosen ut trossa, som dampskipsekspeditøren tok imot. Kvar stoppestad hadde sin ekspeditør, som tok imot båten, og syrgde for lasting, lossing og oppbevaring av gods.

 Matrosane løfta opp landgangen, som og ekspeditøren la til rettes. Ferdafolket gjekk ombord, etterat dei passasjerane som skulle i land hadde gått av. Ekspeditøren tok imot og sende varer, medan postopnaren gjekk ombord med postsekker med flaggstriper og horn på, leverte desse i postlugaren ombord, og fekk liknande sekker med post tilbake, alltid knytt med tau for å signalisere at posten var viktig og urørt.

.Korleis var det å vekse opp i eit lite bygdesamfunn like etter krigen?

Eg fortel om fådelt skule, tredagars skuleveke, om pirquetprøve og besøk hjå tannlækjaren.

de følgjer meg på skulevegen og når eg gjekk ærend. Kjønnsrollemønsteret var tradisjonelt: mor var heime, og far var på arbeid. Han arbeidde som lokal entrpenør.

Vi besøkte slekt, for ho var viktig. Vi feira merkedagar og høgtidsdagar.

Borna brukte naturen.

Dette er eit tidsbilete fra eit etterkrigs-samfunn  på veg ut av isolasjonen.

Ein kunne nå sine draumar. 

The sky was the limit 

Mandag - Torsdag
15:00 - 17:00
Fredag
22:00 - 23:00
Lørdag - Søndag
Stengt